Setesdalsbanen, påsketrafikk 1936
Mange byfolk dreg til fjells i påskedagane, også i 1936. Vegane var skrale og få hadde eigen bil, så då vart Setesdalsbanen og L/L Setesdal Automobilrutor nytta av folk til og frå Kristiansand. Både bilruta og NSB måtte setja opp ekstra turar og meir til for å få folk heimatt frå heia og dalen. I 1936 gjekk den opphavelege Setesdalsbanen heile vegen ned til Kristiansand. Det var fyrst to år seinare at den nye breispora Sørlandsbanen kom, og då vart det togbyte på Grovane. Annonsa nedanfor var å lesa i kristiansandsavisa Sørlandet:
Norges Statsbaner. Setesdalsbanen
Ekstratog 2. påskedag. Foruten det ordinære tog kl. 15.10 og tidligere bekjentgjorte ekstratog fra Byglandsfjord kl. 19.10 kjøres 2. påskedag ytterligere et ekstratog fra Byglandsfjord kl. 22.10 med ankomst til Kristiansand kl. 0.55 om natten. Distriktschefen.
Kjelde
- Dagbladet Sørlandet, 11. april 1936.