Hotel Dølen 1887
Evje var eit knutepunkt for samferdsle allereie i 1887. Dette var nokre år før styresmaktene gjorde vedtak om jarnbanebygging til Setesdal. Kjerrevegen frå Kristiansand kryssa over på austsida av Otra ved Evje før han gjekk vidare opp dalen. Dessutan hadde det også kome veg frå Arendal til Evje, og ein hadde gruvedrift og nikkelverk i sving. Difor var det nok turvande med ein overnattingsstad på Evje for ingeniørar og farande folk. Annonsa nedanfor sto i Fædrelandsvennen i oktober 1887:
Hotel Dølen i Sætersdalen - mit i Sætersdalen straks ovenfor Evje Nikkelverk nyt opførte hotel «Dølen» - anbefales paa det bedste. Gode staldrum for heste og andre kreaturer forefindes. Skyds med triller eller karjol faaes til enhver tid efter taksten. Endvidere anbefales mit sammesteds værende bageri og handelsforretning.
Høje Fabriker pr. Kristiansand, 19de oktober 1887. Joh. S. Gundersen
Kjelde
- Fædrelandsvennen, For 75 år siden, oktober 1887, 20. oktober 1962.