Hopp til innhald

Bjørgulv G. Holen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. mars 2020 kl. 11:46 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Bjørgulv G. Holen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Bjørgulv G. Holen
Født: 1906
Død: 1996 (alder 89–90)

Bjørgulv Gunnarsson Holen (fødd 1906, død 1996) var lærar og klokkar i Bykle. Han hadde fyrste lærarjobben sin i Nordbygdi. Han slutta der våren 1934, og byrja i Kyrkjebygdi om hausten. Han gifta seg i 1935 med Margit Tarjeisdtr. Tveiten. Dei fekk sonen Gunnar B. Holen i 1935.

SitatAttåt lærararbeidet var Bjørgulv klokkar i Bykle i mange år. Han var også oppteken av folkeminne og lokalhistorie, og samarbeidde med Knut Gjerden om den gamle gards- og ættesoga (1966). Etter det me skjønar var det i all hovudsak Bjørgulv som henta virket i arkiva og på folkemunne, medan Knut sto for skrivinga. Vidare skreiv Bjørgulv ned mykje tradisjon utover det som vart nytta i bygdeboka, og var dertil ein ivrig fotograf. Bjørgulv og Margit budde i Listog i mange år, men då han vart pensjonist flutte dei åt Hovet på Rysstad.Sitat
Aanund Olsnes i Heimar og folk i Bykle

Kjelder