Gunnar B. Holen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar B. Holen
Gunnar B Holen.jpeg
Født: 8. juli 1936
Død: 29. april 2018 (81 år)

Gunnar B. Holen (fødd 8. juli 1936, død 29. april 2018) budde på Hovet. Han etterlet seg kona Aase Holen, dottera Margit Kjuus, svigerbarn og barnebarn. Sonen Bjørgulv Holen var død tidlegare. Gravferda var frå Hylestad kyrkje onsdag 9. mai 2018 klokka 13. Like kjært som blomar var ei gåve til Bibelselskapet. Etter gravferda var det minnesamvær på Treungen grendehus.

Gunnar B. Holen var tidlegare lærar på Hylestad skule. Han var son til lærar og klokkar Bjørgulv G. Holen og kona Margit Holen i Bykle.

Gunnar B. Holen til minne[endre]

Olav Mosdøl skreiv dette minneordet i Setesdølen nr. 37, 2017 side 3:

Gunnar B. Holen var fødd 8. juli 1936 og døydde 29. april 2018. Gunnar fekk sine barne- og folkeskuleår i Bykle, der far hans var lærar. Med oppvekst i fjellbygda i krigsåra kom han i nærkontakt med natur, okkupasjonstid og folkeliv. Etter framhaldsskulen i Bykle reiste han på vidareutdanning til Hornnes landsgymnas 1952-56. Der blei han kjend med Aase Svennevik frå Kristiansand og tok lærarutdanning på Kristiansand off. lærarskule i åra 1958-60. Han gifte seg med Aase i 1960, og dei fekk to barn. Etter eitt undervisningsår på Tonstad flytta dei til Rysstad i Setesdal og bygde hus på Hovet. Der kom også foreldra hans til å bu ein del av pensjonsåra sine.

Ressursperson på fleire felt

Gunnar var ein evnerik og arbeidsam person i yrkesliv og fritid. Han hadde god songstemme og kunne framføre ei rekkje av dei gamle folketonane; dei han fekk i arv frå far sin. I klasseromet heldt han god orden, var kunnskapsorientert og ville at grunnskulen skulle vere ein disiplinert og sikker verestad for elevane. I tur og orden hadde Gunnar ei rekkje interessefelt, som han brukte tid på. Det galdt område som jakt og fiske, fotografering og vedhogging. I samråd med Aase la han ned mykje arbeid på grønsaker og blomehage.

Korleis minnest me Gunnar

Gunnar var ein roleg og ærleg person, som sa det han meinte. Han var i naturleg kontakt med grannar og bygdefolk, og hadde ikkje så stor reiselyst som kona. Men han treivst godt når russekullet frå Hornnes 1956 samlast på Sørlandet, etter initiativ frå Gerd Zahl og Bjarne Bjorvatn. Gunnar deltok i lærarlagsarbeid og var sterkt oppteken av den åndelege dimensjonen i menneskelivet. Han hadde eit nært forhold til kyrkje og bedehus. Dette kom til uttrykk på samværet 9. mai etter gravferda i Hylestad kyrkje. Minnesamværet på Treungen grendehus samla familie, bygdefolk og fleire vener frå Hornnes-russen 1956. Me lyser fred over Gunnar B. Holens minne.

Kjelder[endre]