Syllstokk

Foto: Geir Daasvatn
Syllstokk er den nedste stokken i ein laftevegg. Han har i alle eldre hus ei høg trapesform i tverrsnittet. Det går att i hus som er bygde langt framover mot vår tid. Syllstokkane i eit godt bygd hus er også normalt mykje grovare enn resten av stokkane.
I Setesdal kallar ein syllstokkane for «syddane». I eldre tider skal setesdølane ha hatt ei bestemt førestilling om korleis desse stokkane skulle leggjast. «Dei stuttsydda allstøtt», heiter det hos Johannes Skar. Det tyda at dei alltid la syllstokkane under kortveggane først. Om langstokkane blei lagde først, kunne dei verke som meiar under huset. Då kunne Oskoreia dra avgarde med huset.
Kjelder
- Olav Bø (red.), Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, Grøndahl & Søn Forlag AS, Oslo 1980, side 117-118
- Store Norske Leksikon