Setesdalstunet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. januar 2020 kl. 21:29 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nokre av bygningane i Setesdalstunet 5. januar 2020.

Setesdalstunet er eitt av tre hovudområde på Kristiansand museum på Kongsgård. Tunet er ei samling gamle bygningar frå Setesdal. I det gamle bondesamfunnet var plasseringa av bygningane på garden nøye gjennomtenkt. I Setesdal var det vanleg å ha innhus på ei side av tunet, og uthus på den andre. Eit slikt oppsett finn ein også i Setesdalstunet. To større innhus, Nystue frå Trydal og Årestue frå Kveste, gir eit innblikk i livet på landet for 200 år sidan. Den eldste bygningen i tunet er Nomelandsloftet, eit tre-høgda stabbur bygd rundt 1580.

Kjelder