Hopp til innhald

Hjellevatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. desember 2019 kl. 09:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Utvidet litt)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Hjellevatn ligg rett sør for Straumsfjorden, langt inne i Bygland austhei. Vatnet frå Hjellevatn renn utfor Svoletjønnfossen til Svoletjønn. Derfrå renn det vidare gjennom det vesle vatnet Vedbraut til Kilsvatn. Vatnet høyrer såleis til Tovdalsvassdraget.

På ein steinknaus ved Hjellevatn, eit par hundre meter sør for stemmen i enden av Straumsfjorden, ligg Steinsplass. Her skal det ha budd folk i ein kort periode på 1700-talet. Det er også registrert eit gardsanlegg frå steinaldertid på staden.

Kjelder

Kart

Laster kart ...