Birgit T. Nomeland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. oktober 2012 kl. 12:45 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (utvida med informasjon frå minneordet)
Hopp til navigering Hopp til søk

Birgit T. Nomeland (fødd 1922, død 2. oktober 2012) budde på Valle Bygdeheim den siste tida. Ho etterlet seg sonen Tarald Nomeland, svigerbarn, barnebarn, oldebarn og annan familie. Gravferda var frå Hylestad kyrkje fredag 12. oktober 2012 klokka 12.

Då Birgit Nomeland døydde, var ho truleg den siste attlevande krigsfangen i Setesdal. I mange år var ho postopnar på Rysstad, fødd og oppvaksen på Uppigard Uppstad i Hylestad. Faren Tarald kom frå Harstad i Valle og vart gift med Magl Bjørgulvsdotter Rysstad frå Heimigard Rysstad. Mange av familien hennar vart involverte i motstandsarbeid under krigen, og sjølv sat ho på Grini eit års tid. Ho vart gift med Olav O. Nomeland, som var kaptein i Forsvaret og som hadde postopneriet i huset.

Kjelde