Hopp til innhald

Pernillefura

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. oktober 2012 kl. 23:40 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Ny side: thumb|Pernillefura på Tveitå{{byline|[[Reidar Tveito}}]] thumb|Pernillefura før 1959{{byline|[[Jon Løyland}}]] '''Pernillefura'''...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Pernillefura på Tveitå
Pernillefura før 1959

Pernillefura er eit gamalt og stort furutre som veks på Tveitå (Bygland). Etter at Tveitå der nord vart fråflytta, vart beitemarka tilplanta med skog. I 2011 vart ein del av skogen rundt Pernillefura hogd, slik at ho nå vart synleg att.

Pernille Olavsdotter Tveitå, 1752-1828, kom heim frå støylen ein gong og kunne ikkje finna grautetvora. Så sprang ho hit til denne fura og tok toppen til ny tvore. (Ei tvore vart nytta til å røre rundt i grautgryta).

Og sidan Pernille hadde skore av toppen, så vaks det fram fleire nye toppar. Sidan har fura fått stå i fred og har vorte kjempestor.

Kjelde

Kart

Laster kart ...