Midstrandknuten

Midstrandknuten er den høyeste toppen i Evje og Hornnes kommune. Den er 790 meter over havet og har en varde på toppen. Den er i 2010 en av toppene i Ti toppers.
Veibeskrivelse
For å komme dit kan man starte på Hovestøl i Åseral kommune. Da er det ca 5 km fottur i kupert terreng, beregnet til 2,5 timers gange.
Man kan også starte fra Koland, på bomveien til Gyvatn. Da er det ca. 2 km, men bratt oppstigning gjør at det tar en time å gå dit.
Om Midstrandknuten og andre kartnamn
Statens Kartverk gjer ymse namneendringar på sine nyare kart. Tidlegare var målet tilpassing av namn til moderne norsk språk. Eit døme er Storheii, som ligg sør for Midstrandknuten. På eldre kart heitte dette området Storrheii etter grasslaget storr som vaks der. Difor vert Storheii direkte feil. På dei nyaste karta freistar Kartverket nå og nytta lokal skrivemåte der det høver. Litt nord for Midstrandknuten ligg Olavsheia, som før heitte Olavsheii og som nå heiter Olasheiæ, som er på dialekt frå Åseral. Like ved ligg Skeisknuten, som og vert skriven Skeisnuten. Jamfør Urdalsknuten og Urdalsnuten.
På dagens topografiske kart og rasterkart heiter dette fjellet her Midtstrandnuten, og har namnet etter odden nedanfor som stikk ut i Gyvatn, Midtstrandodden. Denne er midtveges i dette store vatnet. Ville tru at det lengre tilbake i tid heitte det Midtstrond eller Midtstrånd. Det er beint fram vanskeleg å vite kva som er det rette.