Fylkesfestival i UKM Aust-Agder
Fylkesfestival i UKM Aust-Agder gjekk av stabelen helga 5.-7. april 2019. Det var venta 150 deltakarar frå heile Aust-Agder til arrangementet, som var i Vallehalli. Deltakarane overnatta på Valle skule. Arrangørar var Valle kommune i samarbeid med Setesdal folkehøgskule, Bykle og Valle kunstlag, Setesdal spelemannslag og elevar i valfag sal og scene på Valle skule. Leiar for det heile varr kultursjef Torunn Charlotte Nyberg.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Ventar 150 deltakarar i Valle. Artikkel i Setesdølen nr. 9, 2019 side 2