Apleknodden (husmannsplass)
Apleknodden var ein husmannsplass på eit lite nes, Apleknodden, som stikk ut i Byglandsfjorden rett nord for Bøåni på Bø i Bygland. Det budde folk på plassen heilt til sist 1980-talet. Plassen vart aldri frikjøpt. Formelt var dette difor den siste husmannsplassen i Årdal sokn.
Kjelder
- Tormod Tveitå og Aanund Tveitå, Apleknodden - ein liten plass i skogen, artikkel i Jol i Setesdal 2018, side 54-56