Kvæven (Bykle gnr. 1 bnr. 16)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. oktober 2018 kl. 22:10 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Kvæven Bykle gnr. 1 bnr. 16 300917.jpg
Kvæven 30. september 2017.
Kvæven sett frå Breidvatn 27. oktober 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Kvæven er eit gardsbruk (gnr. 1 bnr. 16) på Bjåen lengst nord i Bykle. Det er det bruket som ligg inst (lengst vest) når ein kjem langs Bjåvegen. Oppdyrkinga av bruket starta i 1930, og det blei skyldsett i 1933. Eigar er Sondov Sveinsson Bjåen (f. 1946).

I gardsdrifta har Sondov Bjåen hatt samarbeid og økonomisk fellesskap med søskenbarnet Sigurd Aslaksson Bjåen i Bjåen Fjellstove. Saman dyrka dei to i åra 1979-1983 opp omlag 250 mål. I 1980 bygde dei eit svært fellesfjos.

Kjelder

Kart

Laster kart ...