Rettåna

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. september 2018 kl. 08:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder)
Hopp til navigering Hopp til søk
Rettåna forbi garden Vestøl i Birkenes. Til høgre litt bak i biletet kan ein skimte Sørlandsbanen.
Jernbanebru over Rettåna ved Retterholt 27. juli 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Rettåna er hovudutlaupet for den svære innsjøen Ogge på grensa mellom Iveland og Birkenes. Elva renn ut av den delen av Ogge som kallast Lølandsfjorden, i nord-austleg retning til Uldalsvassdraget. Uldalsvassdraget er eit sidevassdrag til Tovdalselva. På sin veg mot Uldalsåna renn elva mellom anna forbi gardane Vestøl, Retterholt og Fidje. Ved Fidje vidar elva seg ut, og eit stykke her kallast ho Fidjefjorden. Nord for Fidjetun er det også ei utviding. Ho kallast Stifjorden.

Kjelder

Kart

Laster kart ...