Langsima
Foto: Geir Daasvatn
Foto: Geir Daasvatn
Foto: Geir Daasvatn
Langsima er ei elv i Iveland. Ho kjem frå nord i kommunen, med fleire greiner som strekker seg opp mot Frikstad-gardane på grensa mot Evje og Hornnes. Ho renn sørover, på vestsida av Frikstadveien, gjennom Kjetevatnet og vidare til Birketveit der ho munnar ut i Birketveittjønna. På Mølland, frå Kjetevatnet til Håverstadtjønn, kallast ho Møllandsbekken.
Hausten 1997 vart det sett i drift ein automatisk kalkdoserar ved Oksefoss i Langsima.
Kjelder
- Aslak Fjermedal, Iveland, Norges bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, side 572
- Skjersæ (Froland) og Birketveitvatn (Iveland), prøvefiske høsten 2001, Rapport nr. 4-2002, Fylkesmannen i Aust-Agder, side 8