Hegland øvre (Bygland gnr. 4 bnr. 2)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. september 2018 kl. 01:53 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Barndomsheim Olav Heggland)
Hopp til navigering Hopp til søk
Våningshuset frå 1912.
Det gamle buret på bnr. 2.
Foto: Geir Daasvatn

Hegland øvre er eit gardsbruk (gnr. 4 bnr. 2) på Øvre Hegland i Bygland. Det er ikkje fast busetnad på bruket i dag. Heimelshavarar er Laila Gautestad (f. 1941) og Bernt Gautestad (f. 1945). Dei bur på Røyrtveit i Evje.

På eigedomen står eit våningshus frå 1912, og eit bur bygd rundt år 1650. Buret stod tidlegare på Nedre Hegland bnr. 1. Son til Laila og Bernt, Thor Ole Gautestad (f. 1969), leiger hus på Hegland men har planar om å sette våningshuset på bnr. 2 i stand og busette seg der med familien.

Laila og Bernt eig også gnr. 5 bnr. 1 på Nedre Hegland. Frå rundt 1882 har dei to bruka hatt same eigar, og blitt bruka i lag.

Bruket er barndomsheimen til meisterspelemannen Olav Heggland.

Kjelder