Bykle statsallmenning

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. september 2018 kl. 22:39 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Lenke)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart

Bykle statsallmenning ligg i Setesdal Vesthei, og dekkjer eit areal på om lag 133 000 dekar i Bykle. Alt er høgfjellsterreng. Bykle fjellstyre administerer området og leiger ut båtar og hytter. Prisen for innanbygds over 15 år er 100 kroner pr. natt, under 15 år gratis, utanbygds 250 kroner pr. natt. Det er sju hytter i Bykle statsallmenning. Desse er:

  1. Blåbergåskilen, 8 sengeplassar
  2. Krokevasskvæven, 4 sengeplassar
  3. Godebu 6 sengeplassar
  4. Krokevasshytta, 2 sengeplassar
  5. Urdevasskilen, 3 sengeplassar
  6. Beinleidokki, 6 sengeplassar, (Kontakt Jan D. Dalen for meir info)
  7. Grjotdokkji, nyleg restaurert steinhytte som står open og kan lånast gratis

Kjelder