I fjødd å finne
I fjødd å finne er eit nystev av Gunnar T. Rysstad (1867-1928).
- I fjødd å finne, i gras å groe,
- der heve jenta mi gjætt å kvoe.
- Der hev o tralla, der hev o lætt,
- å der hev o gråte mæ hu hev gjætt.
Innspelingar
- Agder Folkemusikkarkiv har mange lydopptak av dette stevet: Birgit Rike Lund, Tor O. Sandnes, Marit Løyland, Kvedargruppe Valle musikkskule, Kirsten Bråten Berg, Gro Heddi Brokke, Torleiv H. Bjørgum, Knut Horverak, Jorunn Fossen, Olav Nomeland, Astri Rysstad, Eli Kvaale, Sigrid Jore, Torbjørg G. Langeid, Tora Skomedal, Knut Kjetilson Jore og Birgit Annette Helle.
- Bjørgulv Straume har det med som eitt av «2 nystev frå Setesdal» på Luftslaget (kassett), der ein kan finne stevet som nr. 3 på side 2.
Kjelde
- Stevet er i stevbasen til Agder Folkemusikkarkiv.