Finne

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Finne er eit uttrykk for villmark. Nynorskordboka har det med som tyding nr. 4, «eit finne» jamfør norrønt fleirtal «firnerni», villhei; samanheng med «fjern villmark», fjellstrøk; fare, flakke «(i) fjell og f-».

Gunnar T. Rysstad (1867-1928) brukar uttrykket i stevet I fjødd å finne. Eit anna stev som brukar uttrykket, er «Når eg fer ive fjødd å finne»:

Når eg fer ive fjødd å finne,
då kjem det strøymande mange minne.
Å når eg ser ive fjødd å li,
ja då må eg minnast mi ungdomsti.