Flateland gravfelt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Flateland gravfelt på garden Flateland i Valle er det nordlegaste av dei store gravfelta i Setsdal. Det er om lag 40 haugar bygde av sand i feltet. Den største er omkring 35 m i tverrmål og er ein verkeleg storhaug. Det er gjort funn her frå eldre jernalder. Men feltet er ikkje systematisk, vitskapleg undersøkt.
Kjelder
- Spor i Setesdalsjord, 2014, side 58