Tangenvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tangenvegen er ein privat bygdeveg og skogsbilveg i Jordalsbø i Bygland. Han byrjar frå Skrelandsvegen ved Nerhus, om lag 100 meter nord for Steinstogvegen, og går i nord-austleg retning til eit hyttefelt ved Tangen. Derfrå går to greiner vidare innover i heia. Ei nordleg grein går mot Voilevatnet, medan ei sørlegare grein går austover til Sandvatn.
Vegen er bomveg. Ein kan legge 50 kroner (dagstur) i ei kasse ved starten og køyre inn til Tangen. Ein kan også kjøpe årskort.