Tangenvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tangenvegen er ein privat bygdeveg og skogsbilveg i Jordalsbø i Bygland. Han byrjar frå Skrelandsvegen ved Nerhus, om lag 100 meter nord for Steinstogvegen, og går i nord-austleg retning til eit hyttefelt ved Tangen. Derfrå går to greiner vidare innover i heia. Ei nordleg grein går mot Vøylevatnet, medan ei sørlegare grein går austover til Sandvatn.
Vegen er bomveg. Ein kan betale 50 kroner (dagstur) ved starten og køyre inn til Tangen. Betalinga er med Vipps. Ein kan også kjøpe årskort.