Høgeli
Høgeli er ein fråflytta gard (gnr. 2) 420 moh. nord i Skjeggedal i Åmli.
Historie
Garden er omtalt som «øydegard» på 1600-talet. Truleg er han rydda før Svartedauden. Så blei han liggande øyde etter det, og rydda oppatt seinare. Frå 1650 og heilt fram til 1994 var garden bebudd og i drift. Den siste som budde her var Kristi Høgeli, den siste attlevande av ein stor søskenflokk på sju.
Kjelder
- Torgils Hodne, Åmli ætt og heim I, Tovdal, utgjeve av Åmli kommune ved Åmli bygdeboknemnd, 1977, side 68 flg.
- Johan Christian Frøstrup, Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 296-301