Halvdan Furholt

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. august 2012 kl. 11:42 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Halvdan Furholt)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Halvdan Furholt (fødd 2. mars 1931 i Vegusdal) er lærar og spelemann. Han bur på Nodeland i Songdalen. Han tok til å spele trekkspel i 6-7 årsalderen. Då han kom på realskulen, skifta han over til hardingfele. Han lærte dei første slåttane av broren Otto Furholt, av han fekk han og låne den første fela. Då kan kom til Hornnes landsgymnas, møtte han spelemenn frå Setesdal og han lærte mykje av Andres K. Rysstad, som hadde spelemannskurs på Hornnes.

Han var med første gong på Setesdalskappleiken på Byglandsfjord i 1950. Sidan har han vore med mest kvart år. Han har og vore med på landskappleiken, fyrste gong på Nesbyen i 1955, og andre kappleikar rundt om i landet. Han har spelt til bryllup, festar og samkomer i ungdomslag og fylkesstemner på Agder. Han har og vore med som spelemann for leikarringen frå Kristiansand på utanlandsturar til både Aust-Tyskland og Vest-Tyskland.

Han er gift med Laila Furholt, dei har dottera Ragnhild Furholt, som følgjer opp folkemusikktradisjonane. I 2011 vart han heidersmedlem i Setesdal spelemannslag.

Kjelde