Ose Water

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. mars 2018 kl. 19:32 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert februar 2018)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Ose Water Austad 011216 (2).jpg
Ose Water.

Ose Water er eit nystarta selskap (AS) som skal produsere og selge drikkevatn på flaske frå Austad i Bygland. Firmaet skal etablere seg på eigedomen der det tidlegare var potetlager. Vatnet skal pumpast opp frå ei kjelde på Austad direkte i røyr til fabrikken, og derfrå bli tappa, emballert, pakka og køyrd ut via i første omgang ei produksjonslinje. Planlagt produksjonsstart var først på seinsommaren 2017, men er utsett til 2018. Dei som står bak selskapet reknar med å investere 50-70 millionar kroner i anlegget.

I februar 2018 blei den første tappelinja installert i fabrikken. Maskineriet var kjøpt av Voss ProductionVatnestrøm. Målet var då produkssjonsstart hausten 2018. Talet på tilsette var stipulert til minst tre i oppstartingsperioden.

Eigar av firmaet er Bergtor Haugå og asiatiske partnerar. Dagleg leiar er også Bergtor Haugå. På vinteren 2018 kom Siri Lande inn som partnar og styreleiar i selskapet.

Kjelder

Eksterne lenker