Bø Der nede (Bygland gnr 66 bnr 2)
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Bø Der nede er eit nedlagt gardsbruk (gnr. 66 bnr. 2) i garden Bø på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Bø Der nede ligg lengst sør av dei tre hovudbruka i garden. Bjørg T. Mykland (f. 1943) er (2017) heimelshavar.
Historie
Frå gamalt av var bnr. 2 det største bruket (to huder). Gunni Bø er nemnd som eigar i 1612 og 1624. Det er første eigaren ein kjenner namnet til.
Kjelder
- Grunnboka hos Statens Kartverk
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 425-426