Riksveg 9 Skomedal
Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Riksveg 9 Skomedal er eit vegprosjekt som går ut på å bygge 3250 meter ny veg på Rv-9 forbi Skomedal i Bygland. Den nye veglina er lagt i lia ovafor busetnaden i grenda. Arbeidet starta opp 17. oktober 2016. 23. oktober 2017 var det offisiell opning. Då gjenstod framleis noko arbeid utanfor sjølve vegbanen. Eit toppdekke med asfalt skulle leggast våren 2018. Utbygginga kosta rundt 72 millionar kroner. Entreprenørfirmaet Br. Thorkildsen frå Vanse i Vest-Agder utførte jobben. Oppdragsgjevar var Statens vegvesen. Byggeleiar for Vegvesenet var Solvor Kleggetveit.
Kjelder
- Om prosjektet Rv-9 Skomedal på nettsida til Statens vegvesen
- Johs. Bjørkeli, Gul stripe fra Kristiansand til Hovden i 2024, artikkel i Fædrelandsvennen 30. desember 2016, side 18-19