Skjoldmøynuten
Skjoldmøynuten er eit fjell (654 moh.) mellom Frøysnes og Ose, sør for Reiårsfossen, på vestsida av Åraksfjorden, i Bygland. To skjoldmøyer skal ha vist seg på toppen av fjellet under ei messe i Austad kyrkje, på andre sida av fjorden. Skjoldmøyene spelte så vent at heile kyrkjelyden gjekk frå gudstenesta og ut for å høyre dei spele i lurane sine.
Eit anna segn seier at det var sju skjoldmøyer. Då presten fekk sjå dei på toppen av fjellet lyste han dei i bann, og dei blei til stein. I følge dette segnet er heile «fjellrekka» mellom Frøysnes og Reiårsfossen dei sju skjoldmøyane som står der forsteina.
Kjelder
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.