Skjoldmøynuten
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Skjoldmøynuten er eit fjell (654 moh.) mellom Frøysnes og Ose, sør for Reiårsfossen, på vestsida av Åraksfjorden, i Bygland. Det går merka turløype til toppen frå Andvorvegen ved Store Reiårsvatn.
Johannes Skar har skrive om skjoldmøyane, som altså har gitt namn til fjellet, i eit stykke i Arne Garborg sitt vekeblad Fedraheimen 23. mars 1878:
| Paa Vestheiderne heldt Skjoldmøyarne seg. Dei var vænare enn andre Kvende, store og sterke. Kvila eller Sengi deira er aa sjaa på Heidi midt upp fyre «Støylehommen». Ho er hoggi i Fjellet og er seks Alner lang. Støylehoms-Nuten ris opp dikt inn-med, paa Vestheidi av Dalen, paa Snid fyre Austad-Kyrkja; der sat dei tidt og spila so vænt. Dei reid yver Heiderne og blæs paa Horn. Det er mange, som kann Slaatten deira enno: han heiter «Skjoldmøyslaget», han gjekk so vænt, at Folk laut graata, når dei høyrde han. [---] Skjoldmøyarne saag sin sidste Dag paa Støylehoms-Nuten. Ein Sundag, med Presten preikad i Austad-Kyrkja, fekk Almugen høyre so vænt eit Spil: det var Skjoldmøyarne, som sat på Støylehoms-nuten og spilad Skjoldmøyslaget. Folket kunde ikkje sitja stille; dei gjekk ut den eine etter den andre. Presten varad dei med; men sidstpaa stod han einsam etter i Kyrkja. Daa gjekk han ut paa Kyrkjegarden og bannstøytte Skjoldmøyarne; dei gjekk i Stein; etter som andre segjer, døydde dei og vart nedsette med Tjostebekke; det er ein støyl inkje langt ifraa Støylehoms-Nuten. | ||
| – Johannes Skar | ||
Kjelder
- Om Skjoldmøynuten på Yr.no
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 33–34