Birgit Olavsdotter Segberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. september 2017 kl. 01:20 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fjernet skrivefeil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Birgit Olavsdotter Segberg (fødd Nedstoga 1863, død 1949) var bondekone på Segberg i Åraksbø i Bygland. Ho var gift med Kristen Gunnarson Frøysnes (f. 1855, d. 1901). Birgit vart enke tidleg. Ho blei buande i Segberg heile livet. Ho fekk slag og låg til sengs i 11 år før ho døydde. I alle desse åra var det dottera Gyro som stelte henne.

Birgit er mest kjent for kjærleikshistoria med Alexander Seippel. Dei skulle gifte seg i 1880, då ho var 17 år. Bryllaup var stelt i stand i Nedstoga. Men Alexander dukka ikkje opp, og bryllaupet blei ikkje noko av. I staden vigde Birgit med Kristen Gunnarson i 1885. Etter nokre år i Nedgarden på Frøysnes kjøpte dei Segberg, og blei buande der. Birgit skal ha treft Alexander Seippel bare ein gong til i livet, i 1930. Dei hadde då ikkje sett kvarandre på 50 år. «Ho er like vene», skal Seippel ha utbrote etter møtet.

Kjelder