Myhola
Myhola er eit nedlagt gardsbruk (gnr. 6 bnr. 5) i garden Ånebjør i Bygland vesthei, ca. to kilometer aust for Beinsvatnet nær grensa til Åseral. Den siste fastbuande i Myhola var Bjørgulv Myhola (f. 1872, d. 1968), ein mykje særmerkt mann som var kjent over heile landsdelen. Bjørgulv flytta frå staden i 1917.
Historie
Gardsbruket var først støyl under Ånebjør. Orm Knutson Stranden (f. 1776, d. 1853) fekk bruke staden som husmannsplass frå 1822. Knut Ormson Myhola (f. 1805, d. 1868), son til Orm, fekk kjøpe Myhola i 1837. Då han døydde i 1868, gjekk bruket på auksjon til Tor Olavson Viki. Han flytta truleg aldri til Myhola, og selde bruket vidare til Svein Bjørgulvson Brokke i 1870. Svein var son til Uppstad-kjempa Bjørguv Eivindsson Uppstad. Mora var Sigrid Olsdotter Tveiten.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 500-508
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.