Konsmo

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. august 2017 kl. 07:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Rådhuset i Audnedal ligg på Konsmo.

Konsmo er administrasjonssenteret i Audnedal kommune i Vest-Agder, i krysset mellom Fv-460 og Fv-461 i Audnedalen. Ein drøy km nord for busetnaden på sjølve Konsmo ligg tettstaden Helle, kommunens einaste tettstad, med 281 innbyggarar (2015). På Konsmo ligg Konsmo kyrkje og Konsmo bedehus, og muséet Det gamle posthuset med Barnevandrersenteret. Her er også butikk og bensistasjon. Skulane og idrettsplassen ligg på Helle.

Tidlegare kommune

Konsmo var eigen kommune 1911-1963. I 1964 vart Konsmo slegen saman med Grindheim og litt av Bjelland (Midtbø og Ågedal) til Audnedal kommune.

Kjelder

Kart

Laster kart ...