Sveigsbru
Sveigsbru er ei bru som fører Årdalsvegen over Tovdalselva (Årdalsåne) nord i Årdalen i Bygland austhei. Rett over brua, på austsida, endar Årdalsvegen. Det går skogsbilveg vidare nordover til Årdalstøyl og sørover til Furebuvatn, men det er private bomvegar som ikkje er opne for andre enn grunneigarar eller andre med nøkkel til bom.