Krokå (Langeid)
Krokå er eit gardsbruk (gnr. 3 bnr. 1) i garden Nedre Langeid på Langeid i Bygland.
Historie
Torgrim Torgrimson Langeid, eldste son til Torgrim Salveson Langeid, fekk dette bruket rundt år 1650, etter at dei tre sønene etter Torgrim Salveson delte bruket etter godfaren «Gamle-Salve» Langeid. «Gamle-Salve» er den første mannen ein veit om på Langeid.
Det er same ætta som har site på Krokå heilt sidan bruket kom til. Ein av eigarane var Tarald Bjørgulvson Langeid, ordførar i Bygland 1887-1889 og varaordførar i mange år.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, Bygland kommune, 2002, side 205-2015
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.