Harry Helleland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. mai 2017 kl. 06:36 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Bygland)
Hopp til navigering Hopp til søk
Harry Helleland
Født: 8. mai 1937 (88 år)

Harry B. Helleland (fødd 8. mai 1937) var fylkessekretær for KrF i Aust-Agder i over 25 år frå 1981. Han budde i Mykland, der han var med i Froland kommunestyre, leiar i soknerådet i Mykland og i fellesrådet i Froland og der han også var president i Froland kompelag i 17 år. Men i 2014 flytta han til Bygland, og frå 2015 har han budd i leilighet på Byglandsheimen, noko som skuldast at han fekk svekka syn med alderen.

Harry Helleland vaks opp i Sverige under 2. verdskrigen, då faren flykta dit og fekk familien etter. I vaksen alder var han ein periode partisekretær i Dalarne før han tok til som fylkessekretær for KrF i Aust-Agder.

Kjelder