Riksveg 9 Skomedal

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Riksveg 9 Skomedal er eit vegprosjekt som går ut på å bygge 3250 meter ny veg på Rv-9 forbi Skomedal i Bygland. Den nye veglina skal ligge i lia ovafor busetnaden i grenda. Arbeidet starta opp 17. oktober 2016, og skal etter planen vere ferdig seint på hausten 2017. Utbygginga er rekna å koste rundt 72 millionar kroner. Entreprenørfirmaet Br. Thorkildsen frå Vanse i Vest-Agder skal utføre jobben. Oppdragsgjevar er Statens vegvesen. Byggeleiar for Vegvesenet er Solvor Kleggetveit.
Kjelder
- Om prosjektet Rv-9 Skomedal på nettsida til Statens vegvesen
- Johs. Bjørkeli, Gul stripe fra Kristiansand til Hovden i 2024, artikkel i Fædrelandsvennen 30. desember 2016, side 18-19