Greptin

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. februar 2017 kl. 23:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt inn et par lenker + kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk

Greptin er ein kyrkjegard som ligg i Sandnes Sokn på Frøysnes mark i Bygland kommune på vestsida. Den ligger på støylen Morstøyl som er innerst ved Reiårsvatnet. Kyrkjegarden stod der på 1300-talet ,men då svartedauden kom var det ingen til og passe på den. Greptin var ein annekskyrkje under Åknes i Åseral. Det vil sei att presten veksla mellom Åseral og Greptin. Kyrkja var nok ingen stavkyrkje. Det var nok bare ein høybu som var voldsomt fin. I dag er det bare kyrkjetrappa og hunnsteinane som kan fortelle oss om detta. Det ligg også fullt av steinrauser rundt kyrkjetrappa som antageligvis var graver. Kan også nemne att oppå heia aust for Morstøyl ligg det to likvilar. En som høyrde til Skakestøyl og ein til Morstøyl som blei brukt i tida etter. Her er eit utdrag eller dikt.

Sagntradisjonen

Mest utbrodert gjengis tradisjonen om kirken på Kyrkjevodden av Johannes Skar i hans Gamalt or Setesdal (1909). Skars variant er interessant fordi han eksplisitt knytter Åkneskirken og andre sagnkirker i heitraktene mellom Åseral og Bygland til en tid med et annet bosetningsmønster og en annen kirkeorganisasjon enn den historiske. Han skriver:

”På Skåmedalsheidi var ei fullt stor kyrkjesokn. Heile Skåmedalen nordigjenom og langt inn i Frøysnesheidane var tettsett med gardar. Der var Fosslid og Gryte og Røysland, Jørundlid og Langelid og Haugland, Njuk og Glott og Ormeholtet; Skåmestøyl og Myrstøyl og Høystøyl var gardar då likeins og Skakestøyl og Morstøyl på Frøysnesheidi. Kyrkja stod på Morstøyl. Morstøyl sokn var anneks under Åseral. Presten sat i Åknes, og på ”Kjyrkjevodden”, tett innmed, stod kyrkja, ”Åby kjyrkje” dei kalla. Deknen sat i Hammkodd. Men der vart umskifte. Presten og deknen fraus ute på heimvegen frå Morstøyl. Austyrja kom so stinn som ein graut, og heidi var to miler breid. Dei stuva fram. Presten trota fyrst. Han rakk uppå det hægste, plent der som fer til halla heim til Lognevatn. Då klaka han. Deknen vann upp ”Dekne-kleive”, eit melle grand der ifrå. Dei sette upp ein varde der presten låg og kalla han ”Pressvari”. Då la dei Morstøyl sokn til Byggland” (Skar 1997 [1909]:10).