Tungefoss (Mandalselva)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. desember 2016 kl. 11:20 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein tørrlagt foss i oktober 2016.

Tungefoss er ein foss i Mandalselva ved Hommen i Bjelland i Marnardal i Vest-Agder. Kommunegrensa mellom Marnardal og Audnedal går midt i elva på dette stykket, så «halvparten» av fossen ligg i Audnedal. Elva er oppdemd ovanfor fossen, som magasin for Bjelland kraftverk. Vassføringa i den tidlegare så mektige fossen er difor liten i store delar av året. Det er mange spektakulære små og større jettegryter i fossen.

Tungefoss kraftverk var først til å nytte fallet i fossen, men vart nedlagt då Bjelland kraftverk opna i 1974/1975.

Kjelder

Kart

Laster kart ...