Varme Hender

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. november 2016 kl. 09:08 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til oppstartsdato for tenestene)
Hopp til navigering Hopp til søk

Varme Hender er eit nystarta selskap (AS) som driv med matleveransar og heimetenester frå base i InfanterivegenEvjemoen i Evje og Hornnes. Tenestene er tilgjengelege frå Bygland i nord til Moisund i sør. Innehavarar er Kristina Ose og Silje Christine Stangvik.

Matleveransane går ut på å kjøre ut og levere matkasser med ferdiglaga middagsporsjonar for mandag-torsdag på mandag føremiddag. Torsdagar lager ein middag for lørdag og søndag. Kundane kan også hente matpakkene sjølve, for ein litt lågare pris. Fredag er det opent i bygget på Evjemoen, og ein kan få kjøpt middag og kaffi/kake der. Oppstart for dette tilbodet er 6. februar 2017.

Heimetenestene i oppstarten er reinhald, klesvask, følgeteneste, sosialt samvær og praktisk hjelp, nedvask og vindusvask. Dette tilbodet er tilgjengeleg frå 12. desember 2016.

Kjelder