Varme Hender

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. november 2016 kl. 09:01 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Varme Hender AS)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Varme Hender er eit nystarta selskap (AS) som driv med matleveransar og heimetenester frå base i InfanterivegenEvjemoen i Evje og Hornnes. Tenestene er tilgjengelege frå Bygland i nord til Moisund i sør. Innehavarar er Kristina Ose og Silje Christine Stangvik.

Matleveransane går ut på å kjøre ut og levere matkasser med ferdiglaga middagsporsjonar for mandag-torsdag på mandag føremiddag. Torsdagar lager ein middag for lørdag og søndag. Kundane kan også hente matpakkene sjølve, for ein litt lågare pris. Fredag er det opent i bygget på Evjemoen, og ein kan få kjøpt middag og kaffi/kake der.

Heimetenestene i oppstarten er reinhald, klesvask, følgeteneste, sosialt samvær og praktisk hjelp, nedvask og vindusvask.

Kjelder