Frøysnes skule

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. november 2016 kl. 21:29 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Frøysnes skule)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Frøysnes skule var ein grendeskule på Frøysnes i Bygland frå 1921 til 1947. Før 1921 var skulen i ei av stogene på bruket Storrvollen.

Skulehuset ligg rett på nedsida av Riksveg 9. Bygget har ei grunnflate på 63 m2, og er i 1 1/2 etasje. I 1. etasje var det skulestove, gang og eit lite kjøkken. Loftet er eit tomt rom. Først var det bare borna på Frøysnes som var her. Seinare gjekk borna på Frøysnes og Skomedal saman. Då var dei eit halvt år på Frøysnes, og det neste halve på Skomedal.

Etter krigen kom det ei mjølkerute i gang. Då kunne dei få elevane på Frøysnes ta ruta det korte stykket ned til Skomedal. Grendeskulen på Frøysnes blei lagt ned. Den siste læraren var Kristian Stubseid.

I 1955 overdrog Bygland kommune skulehuset til bygdelaget på Frøyså. I nokre år blei bygget brukt til ulike samankomstar. I 1990 blei straumen kutta. Etter det har bygningen stort sett stått tom. I dag (2016) er han prega av eit visst forfall.

Kjelder