Hopp til innhald

Apledokk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. oktober 2016 kl. 11:13 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Utvidet litt + kilde)

Apledokk var ein husmannsplass på garden Dale på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Plassen låg i lia ovanfor sandstranda i Dalebukta, og vart rydda i sameigemark for alle tre bruka på Dale. Husmannen var Torjei Jensson («Dalskjempa»). Han skal ha rydda plassen og flytta dit i 1860. Han blei verande her til han døydde i 1924. Dottera Mari sat i Apledokk til ho døydde i 1941.

Kjelder

  • Artikkelen om Dale på Lokalhistoriewiki.no
  • Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 1952, side 383-384