Hopp til innhald

Infanterivegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. oktober 2016 kl. 11:29 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Liten språkendring)
Infanterivegen er den temmeleg snorbeine vegen som går parallellt med og rett vest for hovudvegen til Evjemoen.
Infanterivegen sett sørover mot Søndre leir. Til venstre ligg Forsvarsmuseet.

Infanterivegen er ein omlag 1,4 kilometer lang veg på Evjemoen. Han startar ved Evje fengsel i nord, og går temmeleg snorbeint sørover parallellt med Bjoråvegen til han treff på og endar i Jørgen Løvlands veg ved Evjemoen kino og hovudkvarteret til Evjeklinikken. Langs vegen ligg mellom anna Evjemoen Forsvarsmuseum og idrettsbanen på Evjemoen med Dyreskuplassen.

Kart

Laster kart ...