Evjemoen Forsvarsmuseum

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Frå utstillinga på Evjemoen Forsvarsmuseum

Evjemoen Forsvarsmuseum vart opna 7. juni 2006 av tidlegare regimentssjef Odd Helge Olsen. Evje og Hornnes kommune eig museet, men drifta står Setesdalsmuseet for. Det fyller tre etasjer i en tidlegare lagarhall på Evjemoen. Her har ein samla militærhistorie frå 1914 til 2001.

Historikk[rediger]

Evjemoen leir vart bygd for å hjelpe Forsvaret i Kristiansand med øvingsområde. Forsvaret kjøpte 10.000 mål av grunneigarar og både svenske, danske og norske bygningsfolk var med på å gjere leiren ferdig i 1918. I mellomkrigsåra var aktiviteten i leiren liten. Det var dårleg vatnforsyning på furumoen der leiren ligg, og på grunn av forurensing frå Nikkelverket fekk mange soldatar Evjesjuka.

2. verdskrigen[rediger]

11. april 1940 vart Evjemoen knust til pinneved av tyske bombefly. Så vart han bygd opp og utvida. Søndre leir kom til i løpet av dei to første åra. Men i 1945 reiste dei tyske soldatane og Milorg overtok leiren.

Etterkrigstida[rediger]

Frå 1954 vart Evjemoen ein stor og viktig base for Forsvaret. 24. mars 1954 kom dei første rekruttane til Evjemoen leir. Det vart bygd befalsmesse, idrettsbygg, undervisningsbygg og kino. Kasernene fekk tilbygg med stuer, det kom bustadfelt, garasjar med vaskehall, kontor, sjukestove og nytt kloakkrenseanlegg fram til 1998. Så vart Forsvaret omstrukturert, og leiren vart lagd ned i 2001.

Museum[rediger]

Den aktiviteten som var på Evjemoen, er fortald om på museet som vart etablert med utgangspunkt i utstyr som var på Evjemoen, men som vart utrangert. Her finn ein radiostasjonar av amerikansk, britisk og tysk opphav, mange gamle kanonar og utstillingar av anna militært utstyr. Dette er einaste hærmuseet mellom Bergen og Oslo. Det har både lokalhistorisk innfallsvinkel om utviklinga av Evjemoen, samt generell innfallsvinkel med forsvaret i utvikling og endring gjennom 100 år, i både fredstid og krigstid. Her er originale uniformer frå dei ulike tidsepokane og ei svært rik biletsamling. Museet byr på viktig lokal- og regionalhistorie, og er ikkje minst spanande for alle dei som har vore tilsett eller tenestegjort på Evjemoen.

Innsamlingasarbeidet vart i stor grad gjort av tidlegare oberstløytnant Trygve Johansen, som var ein av offiserane som fekk ansvar for å stå for avviklinga av leiren. Han tok vare på utstyr som skulle kasserast og fekk etter kvart etablert utstillinga.

Museet har dessutan ei flott utstilling om stortingsmann og statsminister Jørgen Løvland sitt liv og arbeid. Denne vart opna til 100-årsjubileet våren 2005.

Kjelder[rediger]

  • Frode Lindblom: Museum for Evjemoen leir. Artikkel i Fædrelandsvennen 20. november 2012 side 22 i del 2, Innsikt

Eksterne lenker[rediger]