Evje fengsel

Evje fengsel ligg i Nordre leir på Evjemoen. Offisielt namn er Agder fengsel, Evje avdeling, for fengselet er ei avdeling av Agder fengsel. Inspektør er Ragnhild Nomeland. Bygningsmassen er eigd av Evjemoen Næringspark, via aksjeselskapet Evje Fengsel Eiendom. Kriminalomsorgen leiger plassen. Frå våren 2025 skal fengselet ha 11 nye soningsplassar for mindreårige. Talet på tilsette vil då gå frå rundt 25 årsverk til om lag 50.
Utviding
I mai 2015 vart det kjent at Stortinget ville gå inn for å utvide kapasiteten ved fengselet med 40 nye opne soningsplassar. Det ville i tilfelle gje 30–35 nye arbeidsplassar ved fengselet. Desse planane blei ikkje realiserte. I staden starta utbygging av ei ny avdeling med 10 lukka soningsplassar ved månadsskiftet januar/februar 2018. Prosjektet var kostnadsrekna til 70 millionar kroner, og stod ferdig rundt 15. desember 2018.
Frå 2019 hadde fengselet 30 soningsplassar, alle for kvinner. 20 av plassane var opne soningsplassar, medan 10 var lukka plassar i ny tryggleiksavdeling frå 2019. Dei 10 lukka plassane blei avvikla til sommaren 2023, som eit ledd i innsparingstiltak i Agder fengsel.
Historie
Då fengselet først opna, var kapasiteten 20 opne plassar for menn; åtte av desse var innsette som hadde fått plass ved rusmeistringsavdelinga. Sjølv om avdelinga ønskte å ha fangar med lange straffer, vart også domfelte med kortare dommar godtekne.
Fengselet hadde ein handledag i veka. Då kunne innsette bestille etter ei godkjent handleliste, og så leverte ein butikk varene i fengselet. Som arbeidsopplegg for fangane inngekk vedlikehald av Evjemoen næringspark og oppdrag for andre leietakarar i næringsparken. Fengselet hadde eit skuletilbod som vart gjennomført av Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes. Det var også eit variert fritidstilbod og det kunne leggjast til rette for turar i skog og mark i fritida.
Dei innsette fekk i utgangspunktet ta imot eitt besøk i veka med varighet på minst halvannan time. Tirsdag, onsdag og torsdag var besøkstida frå 17 til 21.30. Sundag var besøkstida frå 13.30 til 19.30. Ein måtte søke på ordinær måte om å få kome på besøk, narkotikakoordinator ved Arendal fengsel avgjorde dette. Den som kom på besøk kunne ha med seg mat og drikke som ikkje var opna. Besøkstilhøva var godt lagde til rette for barn, og det var eige besøkshus ein kunne nytte om ein trong det.
Kjelder
- Om Arendal fengsel Evje avdeling hos kriminalomsorgen.no
- Setesdølen nr. 43, 2015
- Ole Birger Lien, Graving på fengselstomta, artikkel i Setesdølen nr. 10, 2018, side 3
- Sigrid Åsen Haugsgjerd, Stenger lukka avdeling ør sommaren, artikkel i Setesdølen nr. 34, 2023, side 7
- Olav Åsen Haugsgjerd, Etablerer 11 nye fengselsplassar på Evje, artikkel i Setesdølen nr. 73, 2024, side 4