Hopp til innhald

Gunnar Olson Løvland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. september 2016 kl. 20:53 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Gunnar O. Løvland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Gunnar Olson Løvland (Gunder O. Løvland) (fødd 4. oktober 1811, død 2. mars 1889) var bonde på bruket «Dernede» på Lauvland i Evje. Han var også mykje med i styre og stell i bygda. I ei årrekkje var han forliksmann, og han var mykje brukt som skjønsmann. Han var med i det første styret i Evje og Hornnes Sparebank, då banken vart skipa i 1864. Her vart han sitjande til ut 1886 (22 år). Han var valgmann til Stortinget i 1850- og 1860-årene.

Gunnar O. Løvland var gift med Siri Eilevsdotter Løvland (fødd Aaneland). Dei var foreldra til utanriksminister og statsminister Jørgen Løvland.

Kjelder