Hovassdalen naturreservat
Hovassdalen naturreservat er eit freda barskogområde rundt Hovatn i Hovassdalen på heia vest for Dåsvatn i Dåsvannsdalen i Hornnes. Ein mindre del av reservatet ligg over kommunegrensa til Åseral. Reservatet blei freda ved kgl.res. dagsett 9. juli 1993. Det dekker eit areal på ca 11 900 dekar.
Føremålet med fredinga er å ta vare på eit stort barskogområde med ei avgrensning som inkluderer mesteparten av nedslagsfeltet i denne vassrike dalen med myr i den flate dalbotnen. Furuskogen står intakt dels som grove tre i dei etter måten rike dalsidene, og dels som glissen skog på myrer og heier med grunnlendt mark.
Kjelder
- Forskrift om freding av Hovassdalen naturreservat på Lovdata
- Faktaark om Hovassdalen naturreservat på naturbase.no
Kart
[[Kategori:Åseral