Joker Bygland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. juli 2016 kl. 07:58 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet tegnsetting)
Hopp til navigering Hopp til søk

Joker Bygland held til i Bygland sentrum mellom Sparebanken Sør Bygland, Bygland kommunehus og Bygland folkebibliotek. Ved sida av eit godt utval varer har butikken Post i butikk.

Anne-Lise Limann har drive butikken sidan desember 1985 då den starta som Bygland Matsenter. Sidan var den knytt til Nærmat, men i 1997 vart han Joker-butikk. Med seg i drifta har Anne-Lise Limann åtte personar som dekker fem årsverk.

8. mai 2014 opna butikken etter ei ansiktsløftning der det var lagt nytt flisgolv, vegger og tak var nymalte, interiøret var omorganisert og ljossettinga var ny. Det same var fruktdisk, kjøle- og fryseanlegg. Byggmester Kjetil Vegusdal var hovudentreprenør for arbeidet, men Evje Elektro Service og røyrleggjar Øystein Lien har også gjort sitt. Etter ombygginga satsar Joker Bygland også på catering og levering av påsmurt mat til møte og andre arrangement.

Sommaren 2016 gjorde Anne-Lise Limann det kjent at ho ville selje butikken. Både ho og mannen var blitt pensjonistar, og håpa at lokale folk ville ta over butikken og drive han vidare.

Kjelder

Eksterne lenker