Sigrid Kjetilsdotter Jore
| Sigrid Kjetilsdotter Jore | ||
|---|---|---|
| Sigrid K. Jore 2015. Foto: Geir Daasvatn
| ||
| Født: | 23. desember 1987 (38 år) | |
Sigrid Kjetilsdotter Jore (født 23. desember 1987) er folkemusikar, kvedar og dansar frå Valle. Ho bur i Homme. Kirsten Bråten Berg og Ingebjørg Vegestog Homme har vore læremeisterane og dei største inspirasjonskjeldene hennar. Ho har studert ved Ole Bull Akademiet og Norges Musikkhøgskule, og tok i 2014 som den første i Aust-Agder bachelorgrad i utøvande folkemusikk.
Sigrid K. Jore er engasjert i musikken på mange felt. Ho er mellom anna med i folkemusikktrioen Raabygg og i Setesdal Kulturpatrulje. Ho driv mykje med kurs i kveding og steving.
Kjelder
- Om Sigrid K. Jore på Setesdalsfolk.no
- Første med grad i kveding, artikkel i Agderposten, 31. mai 2014
- Heimesida til Aust-Agder Ungdomslag om kursverksemd