Odden Hage
Foto: Geir Daasvatn
Odden Hage er eit vakkert parkanlegg og visningshage på ca 8 000 m2 ved Odden Camping på Verksmoen i Evje. Anlegget er bygd med ulike temahagar, som ein japansk-inspirert hage, rosehage og mosehage. Av blomar og buskar kan ein mellom anna finne rododendron og ulike fjellplanter. Det er også fiskedam og bru i anlegget. Rett ved parkanlegget ligg Odden Vertshus.